onsdag 13. mai 2009

Dette ser lekkert ut!

Jordbær er godt, ikkje sant? Og så er det så fint på kaker.

I dag var eg med på kor-kafé, og hadde lova å stille med ei bløtkake. Det er ein overkomeleg jobb, det eg likar minst er å pynte. Men når det er tilgang på friske bær, er det jo trygt og greitt å handle litt jordbær og blåbær, så vert det mai-kake:)
Desse jordbæra handla eg i siste liten, på Prix. Dersom du vert frista til å handle jordbær, så vent litt...
Eg har kjøpt mange jordbær i år, det har til dels vore rimeleg, og det er jo litt sunnare enn å kjøpe den sjokoladen... Dessutan har smaken vore heilt ok. Desse smakte ingenting. Absolutt ingenting. KJEDELEG!

3 kommentarer:

Annika sa...

Kaka såg god ut ja!
Eg kjøpte jordbær i går, på Bunnpris. Dei smakte godt faktisk, men dei var frå Portugal då:) Og var forsovidt ikkje so veldig billig, men som du seier, bedre enn sjokoladen;)

Frau Putz sa...

Mums! Den kage ser lækker ud.
Jeg elsker jordbær - men er heller ikke alt for begejstret for de importerede fra syden.

Jeg kan godt lidt at pynte kager, men er ikke nogen "konditor-med-fine-marcipan-roser-og-små-babyer-i-sugar-paste"-ekspert.
Måske man skulle tage et kursus i kage-pyntning :o)

Hannes hage sa...

Å, så god kaken ser ut! En skikkelig fest-kake!