mandag 25. mai 2009

Tur med stormkjøken

Det er mange fine turområde rundt oss. Her er Alskleiva, ein tur som er kjapp å gå for vaksne, og ikkje for lang for dei små. Minstemor på 2 orka ikkje å gå heile vegen, men fekk site på skuldrane eit stykke.
Vi hadde teke med stormkjøkenet, og laga litt god mat. Pølser med brød smakar aldri så godt som når du er ute.

Tomatsuppe med makaroni er ikkje min favoritt, men det er kanskje det beste jentene veit. Så då vart det borna som vann denne gongen. Også tomatsuppe smakar betre ute enn inne:)
Over oss hadde vi selskap av desse to. Dei heldt på lenge, eg er ikkje sikker på om den vesle fuglen erta ørna eller om dei var enige. Nær var dei i alle fall.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ingenting er så koseleg som tur!

Elin sa...

Å, det er så deilig å komme seg ut på tur og så smaker maten så fantastisk godt!
Gratulerer med vel overstått. Skjørtet til jenta ble kjempefint!
Ha en flott uke:-)

Anonym sa...

ACecilie:Flott tur dere har hatt. Ha en fin dag.

Maria sa...

Kjekt å høyre om koselege familieturar - slikt hugsar ein lenge.

Gratulerer med overstått bursdag også! Og god pinse!