lørdag 9. februar 2008

Kunstutstilling


Vi har vore på kunstutstilling! Det var ei utstilling for born mellom 1 og 3 år som gjorde at eg vart nysgjerrig og måtte ta turen. Og det var litt kult:) Kunstnaren hadde laga små hus i ulike fasongar, fargar og materiale. For oss vaksne var det umogleg å krype inn i husa, men for små jenter gjekk det som ein leik!

Resten av Kunstmuseet Kube i Ålesund var fullt av Vestlandsutstillinga 2008. Det var mykje fint, ein del rart og så denne installasjonen som eg vart veldig fascinert over. Alt her er bygd opp av knappar og glansbilde. Og Uno-kort, korker, flanellografbilda frå søndagsskulen, spelebrikkar og spelebrett... Det var ei samling småting frå mange års barndom.

We have visited an art museum, and found items from my childhood, and probably yours too. The little house is one of many, in different shapes and colours, specially made for 1-3 year old children.

2 kommentarer:

Monstermønster sa...

Oi så spennende! Skulle gjerne vært en vandreutstilling, hdde vært moro å tatt med barnet på noe sånt. Håper dere koste dere.

Bodil sa...

Litt av eit puslespel det der ;-))

På den einaste kunstutstillinga eg har vore på i mitt liv, var det utstilt eit "bilde" eg aldri gløymer. Eit stort fluepapir MED fluer!! Ramma inn i ei fin ramme... Jadda, det er kunst *ler*