fredag 14. januar 2011

Eg er forelska!


Det går ein farsott i bloggverda for tida. Mange av oss har blitt frista av bloggen Mat på bordet som kan vise oppskrift og endatil video av verdas enklaste og beste brød. Knø-frie brød. Eller no-knead-bread, om du heller vil ha det på utanlandsk.

Ja, det tek litt tid å vente på hevinga frå ein kveld til den neste. Men det er veldig verdt det, syns eg. Loff med skikkeleg sprø skorpe, og den er mjuk, luftig og saftig inni.

Eg har vore borti deig som skal heve lenge før, men ikkje så lenge som dette. Og så er det stor forskjell på steikinga. Her skal deiga veltast over i ei ferdig oppvarma gryte, og så settast inn i omnen på 250 grader. Aldri før har eg baka brød i gryte med lok. Men det kjem til å skje igjen:)

9 kommentarer:

reSIRIkulert sa...

Ja, eg må innrømma at det har freista meg å bake slike brød også.

Greta sa...

T vil no kjøpe seg jerngryte trur eg. Han vart heilt freslt når eg viste han oppskrift og videoen. Så får vi sjå når han får tid til det. Nå i desse regnskapstider

Fru Keilegavlen sa...

Så spennande. Den bloggen har eg ikkje vore innom enno, men trur eg må suse inn med ein gong.

toneab sa...

Jeg har også bakt slikt brød....fantastisk godt! Laga faktisk ei deig hver kveld denne uka, så vi hadde ferskt brød hver dag. Selv de som vanligvis ikke vil ha hjemmebakt brød likte dette. Jeg laga den litt grove varianten med kli flere dager og selv den ble tatt godt imot. Jeg stekte brødet i Røhmertopf-gryta mi :)

Sidselsidserk sa...

Kjenner lukta av nybakt brød helt hit!
Dette må prøves.
Ønsker deg en trivelig lørdagskveld!

Kos med papir og saks sa...

så spennende dette brødet så ut, hmm får nok sette denne på lista over hva jeg skal prøve meg på i løpet av 2011

Charlotte sa...

deigen står på heving her:) første gang, så blir veldig spennende å se resultatet i morgen:)

Topsy sa...

Mmmmm, det så nydelig ut! Synes jeg kjenner lukta helt hit!

Mariann S sa...

Har sett dette brødet kommentert nokre gonga no :) Og eg skal prøve det eg og :) Ha en fin søndag :)