fredag 7. januar 2011

Flaks eller uflaks?

Er du av dei som har halvtomt glas, eller er det halvfullt?
Du må gjerne hjelpe meg med å definere om eg hadde flaks eller uflaks i går.
Ein liten gut på skulen var saman med meg, i leikeaktivitet. Ikea-siteunderlag kan vere gode som frisbee, sidan dei er så runde og flate... Kva skjer? Har eg uflaks eller flaks når guten bommar på målet og treff meg istaden? Plata treff meg på auget, med stor kraft. Det gjekk så fort at eg ikkje rakk å reagere, det var berre eit par meter mellom oss. Likevel var auga igjen, refleksane slo kanskje inn?

Det var faktisk veldig vondt.... Og det var sårt mange timar etterpå også, eg trur auga rett og slett fekk ein ganske kraftig trøkk. Men i dag er det ikkje vondt:)

Så er spørsmålet: Er det flaks at eg ikkje fekk skader på auget, eller er det uflaks at eg vart treft? Heldig eller uheldig??

Elles er eg i sommarferiemodus. Fire arbeidsdagar etter juleferien... Men eg har veldig lyst til å bestille fly til Tyrkia i sommarferien, vi likar oss godt der! Minstemor er ikkje så ivrig, så eg må nok legge inn nokre etapper med positiv omtale som gjer badegleden større enn flyskrekken.

Og i sommar skal eg plukke med meg ein pose småsteinar frå stranda, for eg treng noko å legge i botnen av den nye lysvasen min:) Steinane på stranda var små, runde og glatte. Perfekt til eit slikt prosjekt.



4 kommentarer:

Irene sa...

*he-he* Det er noe vi snakker mye om hjemme. På TV snakker de stadig om folk som har flaks når de egentlig hadde uflaks. Så - konklusjonen er at du hadde uflaks (og glasset er halvfullt)
Ha en flott helg!

Frau Putz sa...

Hej
På dansk har vi et ordsprog, som hedder "Held i uheld" - og det dækker fuldstændigt din situation.
Da du var uheldig var du heldig.

Så fin stage. Måske du kan bruge nogle kongler i bunden, indtil du finder nogle sten.
Nødder er også fine...
Der er mange muligheder. Små garnnøster kunne være en farverig idé, men du har vel ikke noget garn, som du kan undvære... ;)

~ Karina

Sisselshverdag sa...

Kan ikke si deg om det er hell eller uhell, men vondt ser det ut. Du får ta det pent :D
Sånne lysestaker får en ikke nok av, i allefall ikke jeg ;)

Ønsker deg og dine ei flotte helg :D

Anonym sa...

Jeg ville kanskje ha sagt hell i uhell her :)