Ei kjekk ung dame her har tidlegare vore elev i ei klasse der eg jobba, og no er ho kollega. Ho hadde med seg lakris-te på jobb ein dag, og donerte ein pose til meg. "Så kan du jo blogge om den!" sa ho:)
Eg tok bilde før teen hadde fått farge, medan eg venta på at den skulle bli ferdig. Og det som var mest fascinerende med teen, var at den smakte så lenge etterpå! Ikkje negativt, det var berre som om eg nettopp hadde svelgt siste slurken. Det smakte godt!
Og Yogi-te har så søte visdomsord på kvar tepose. Det er ikkje så dumt å ha med seg nokre slike i kvardagen.
6 kommentarer:
Nja.... skeptiskt:-) lakriste.....
open for det meste. Men eg trur eg ville smakt en pose før eg kjøpte ein heil pakke. Kjekke vidsomsord da
Den er kjempegod! Men hadde glømt den fantes no... Veit du kor den er å kjøpe?
Gratulerer med vel overstått for mannen! Lakriste høres godt ut, tror jeg skal se om de har den på den lokale helsekosten. Takk for tips! :)
Ditte må ver favoritten min når det gjelde blogginnlegg av dej ;) Veit ikkje heilt kaffor. hehe.. Ej tru rett og slett ej skal nyte ettermiddagen med en pose lakriste.. Mmmm! So e det sta å synge i gospelkor. Stas!
Eg har også skaffa meg ein pakke med lakriste, men må innrømme at eldstejenta mi har brukt fleire av posane enn eg sjølv. Teen er absolutt god, både lukt og smak, men det er noko med den intense smaken som gjer at eg ikkje treng ny forsyning på lenge når eg har drukke ein kopp:)
Legg inn en kommentar