Det er så greitt å ha enkle strikkeprosjekt til å ta med i veska:) Dette er ei lue i Sterk, perlestrikka i starten, deretter auka eg litt og strikka glattstrikk vidare. Eg veit ikkje kven som treng denne, eg lurer på om eg skal ta med ei kasse til pauseromet på jobb og by fram litt av overskotslageret mitt. Det hadde vore praktisk å selge nokre ting no før jul: Då blir det ryddigare i heimen, og eg får inn nokre kroner å bruke i desember. Og nokon andre kunne blitt varme på toppen! Tre gode ting på ein gong, nesten betre enn eit Kinderegg....
2 kommentarer:
Så fin lue! Likte perlestrikkanten nede, fin detalj. Ikke dumt å selge litt av overskuddslageret før jul og flott for de på jobben. Ull er gull! :)
Flott lue, skal ikke så mye til før den blir stilig- perleranden gjorde prikken over i her:)
Legg inn en kommentar