tirsdag 15. november 2011

Kanindilla


Har du sett noko så inderleg søtt??

Her i heimen er det kanindilla for tida. Trampe har fått selskap. Den nye kanina er på plass, og ho heiter Line. Det er jentene som bestemmer namn, og no har dei funne ut at dersom dei skal rope på kaninene (som om kaniner nokon gong svarer på slikt....) kan dei rope Trampoline:) Enn så lenge bur kaninene i kvar sitt bur, men gubben har innsett at han må snekre eit større bur som dei kan bli sambuarar i. Han skal berre snekre litt anna fyrst!

Eg trur kaninene har gode forutsetningar for å kunne bu ilag. Trampe er kastrert, og den nye Line er så ung at ho ikkje vågar seg på noko form for ypping. Om det skulle vise seg at det blir nødvendig, får vi kastrere ei til...

Jentene er stadig på "jakt" etter litt kos og klapp, og kaninene finn seg i det. Det blir nok roligare etterkvart, men det er i alle fall ingen fare på ei stund;)


2 kommentarer:

Greta sa...

Kaniner er snille og tolmodige dyr har eg skjønt. Og kan vere veloppdrgne. Var på besøk hos ei dame som slepte laus kanina i hagen ein gong for dag. den tar seg ein runde, går ut påstien og kan vere ute i flere timer, så kommer den tilbake og går inn i buret sitt. Er ho inne hos dem i flere timer gjør ho aldro fra seg, men tvert ho kjemut i buret att, går ho i eine hjørnet og gjer fra seg. heilt utrulig. Kos dere med kaninene dere. klem

Annika sa...

Ntå! Så fine dei er!! Kjekt med selskap for dei då :)