Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte bruke eit godt gammalt lokalt uttrykk som overskrift... Vi er såpekokarar, ja. I alle fall har vi laga såper, og det er kjekke greier! Jentene mine og eg, og så minstesystra mi, vi laga ei diger samling med såper. Fleire ulike fargar, lukter og fasongar vart resultatet. Eg trur dei er gode også;)
Nokre vart gitt vekk i farsdagsgåver, og nokre skal systra mi ta med seg heim, men eg har ei stor skål som er ganske full! Det kjem til å vere nok såper her ei stund:)
3 kommentarer:
Flotte såper :) Jeg har alltid vært småskeptisk til nynorsk, men nå som jeg leser flere blågger på nynorsk syns jeg det blir stadig mer sjarmerende. Skulle gjerne skrevet p dialekt men ingen ville skjønt det
Så søte såper! Jeg prøvde meg på dette en gang i tiden, men det ble ingen såpefabrikk av det nei ;) Men gøy å prøve da!
Herleg! Eg har såpebase liggande. Tenkte eg skulle lage så julegåvene får litt ekstra duft i år. Hysj ;) Trur ingen av mine julegåvemottakarar les kommentarane dine ;)
Legg inn en kommentar