Vips er påska fryktelig nær slutt... Det er rart med slike feriedagar, sjølv om ein har mange, er det altfor få;) Neida, det er ok å kome tilbake til kvardagen også, men eg trur det blir slitsomt å få opp både meg og jentene i morgon tidleg!
No har vi kosa oss heime i heile påska, med små turar hit og dit, og mykje leik og kos utover kveldane. Då er det vanskeleg å snu, sånn heilt utan vidare.
Kva har vi gjort i ferien?
Eg tok ikkje bilete av dei fyrste kveldane i påskeferien, då spela vi Dominion fleire gongar ilag med systra mi og den komande ektemannen:) Eg hadde lyst til å skrive "brettspelet Dominion", men det er ikkje heilt rett. Kortspel på bordet, kanskje?
Musikanten min kom heim og hadde lyst til å lage middag til resten av oss! Hurra, sa eg, og vi handla inn nødvendige ingrediensar til mozzarellafylt kylling, pakka inn i baconskiver, med potetbåtar og salat. Til og med salaten var ny for meg: Paprika, avocado og cashewnøtter. Enkelt, og nydeleg godt!
Eg hadde ikkje med kamera i badeland heller, så de får berre tru meg når eg seier at det var rett godt å få bade skjærtorsdag, sjøl om det var mange andre som også hadde tenkt det samme....
Langfredag tok vi turen til Bondalseidet. Minstemor og eg tok stolheis for fyrste gong. Vi overlevde;) På toppen gjekk vi ein tur på langrennski medan dei fleste andre i flokken sto på slalomski. Vi rakk også ein matpause før vi to tok stolheisa ned att:) Dei andre brukte skiene på veg ned, men så langt strekk ikkje minstemor sine skiferdigheiter....
I dag avslutta vi ferien med ein tur til Flø. Om du ikkje har vore på desse kantar, er det på tide:) Og er du på Sunnmøre, er det svært fint med ein tur til Flø, enten i sommarsol eller i storm og styggever. Der er naturen nær, storhavet er rett utanfor! Og du kan finne Moods of Norway sin kule butikk, og eit skikkeleg ambisiøst kunstgalleri. Jentene digga den rosa traktoren til Moods, og vi lurer no på om vi skal male den gamle raude traktoren her på garden rooosa:)
3 kommentarer:
Trivelig å få sjå litt av påskeferien din - stor variasjon fra fjellvidda til fjæra:)
Høyres ut som ei perfekt påske. Mange gode minner å ta med seg fremover og snakke om seinare. Det er så kjekt med å oppleve ting saman. ein kan oppleve dei gang på gang. Ønsker deg ein god start på kvardagen att
Det er vakkert på Sunnmøre! Skulle gjerne vært med på turen til Bondalseidet på ski. Herlig med sol og mye snø!
Fint i fjæresteinene også. Det er vel den korte avstanden fra fjell til sjø som vi vestlendinger liker så godt. Koselige bilder du viser oss.
Ha ei fin arbeidsuke!
Legg inn en kommentar