fredag 16. januar 2009

Ein uventa heimedag

Prinsessa har hatt vondt i magen nokre dagar, men eg har ikkje sett at det har vore teikn til noko meir konkret sjukdom. Så då har vi vore på jobb og i barnehage som vanleg. I dag klaga ho igjen over vondt i magen då ho endeleg klarte å stå opp. Og for å gjere valget lett for mora, kasta ho opp... Så hadde ikkje mora grunn til å stusse lenger, det var berre å gje beskjed til rektor om at vi blir heime. No ligg ho på sofaen med feber, har heldigvis ikkje kasta opp meir, men er heilt slapp og sløv. Ingenting fristar, berre vatn.
Gullungen syns det er ok med ein dag heime, og kosar seg med leiker og bøker og ei mor med god tid. Og vesten er teken i bruk. Den funkar som tunika:)

Det er andre som også kan nyte godt av slike dagar. Eg har ein bjørkefiken i stova. Den har lenge prøvd å seie frå om at noko ikkje er bra. Eg har ikkje høyrt etter... I dag plukka eg vekk enda fleire gule blad, og fann ut at eg skulle sjekke om det var trangt om beina for stakkaren. Det var nesten umulig å få den ut av potta, og når eg ser korleis forholda var, er det ikkje så rart at blada gulna og datt av!

No skal det bli større potte og meir plass til å strekke ut røtene...

6 kommentarer:

turvid sa...

God bedring!

Nydelig tunika-vest :)

Hannes hage sa...

God bedring til den lille som er syk. Vesten du har strikket er nydelig, og kan veldig godt brukes som tunika.
Planten din er riktig heldig som blir ompottet. Mine trenger det også, men blir nok ikke plantet om enda.
Ønsker deg en god helg.

Anonym sa...

Ønsker vesla god bedring. Potteplanten også, hihi!

Har svart på avstemningen din, har faktisk kjøpt inn gele med vaniljesaus i dag jeg. :o)

Ha en fin helg!

solveig sa...

God betring til veslejenta. Her har halve familien vore heime på grunn av kvalme og vondt i halsen. Keeperen måtte ha legeattest og på den stod det "influensaliknande sjukdom".

solveig sa...

Ein liten kommentar til meiningsmålinga di. Vi brukar å lage (lett p.g.a diabetes)gele med frosne bær i. Då stivnar han raskt. Dei som ikkje vil ha bær, kan ete geleen på botnen.

Anonym sa...

Uff, det er ikke noe kjekt å være syk, god bedring til jenta.
Takk for koselig kommentar på siden min.
Ønsker deg en fin helg.