tirsdag 26. mai 2009

Kvitneset

Vi har eit tydeleg minne frå krigen her i kommunen. På Kvitneset hadde tyskarane eit stort anlegg. Det var fri sikt mange retningar frå Kvitneset, og dei kunne kontrollere skipstrafikken i regionen ganske godt. No er det eit ok turmål, men ein må vere varsam. Du kan når som helst møte på eit hol i bakken som fører ned til grottane som er sprengt inn i fjellet. Det er spanande å gå i skyttergraver og inn i diverse bunkersar som framleis fins, om enn noko øydelagde. Nokre ruinar finn vi også. Stort sett var det nok dei russiske krigsfangane som sto for bygginga.



Eg har ingen planar om å gå inn i holene på leeenge. Det er nemlig ikkje så lenge sidan ei dame fortalde med stor innleving om dei enorme edderkoppane ho hadde funne inne i ei av grottene. Det var visst den største edderkopptypen som fins her i landet, og dei lever i mørke, for eksempel i slike holer. Vart du frista til å sjekke? Ikkje eg...

3 kommentarer:

Annika sa...

Vi var der i påska, inni fleire av holene:) Såg ingen edderkoppar, men er ikkje så redde dei heller;)

Kvitneset er fantastisk i dag - sjølv om det i si tid har vore grusomt...

arieldog sa...

Fekk veldig lyst til å reise dit - heilt til du nemnde edderkoppane... :(

K. sa...

Da me va der på opptakstur med Roverane, vart ej og fem til kasta inn i ei slik grotte med bind for augene og hendene stripsa på ryggen. Vi måtte sitter der til vi trudde det hadde gått en time, og så fikk me sleppe ut. E veldig glad for at ej ikkje visste om edderkoppane på den tida!!