torsdag 28. mai 2009

Runde!

Skal du sjå kor fint eg hadde det i dag?

Eg var med 7. klassene på skulen til Runde på ekskursjon/klassetur. Det var rett og slett eit fryktelig ver i går og i natt, og det regna ille i dag kl. 7. Men utpå formiddagen vart det finare og finare. Eg har blitt solbrent, til og med!
Borna overnattar saman med eit par lærarar og foreldre, med ikkje på campingplassen. Den har det med å vere godt fylt opp av tyske turistar... Våre sjarmtroll får sove (?) på vandrarheimen, ein skikkeleg gammaldags sak.

Bilda talar vel kanskje for seg sjølv. Over her kan du kanskje sjå litt av det eine fuglefjellet, det kvite nede på fjellsida er bustad for ganske mange fuglar.

Vi gjekk rundt heile øya, stort sett. Og det er bratt ned både her og der, til elevane si store fryd og oss vaksne sin store skrekk...



Det var mange av elevane som ville kjøle seg ned litt etter ein lang fjelltur. Deilig!

8 kommentarer:

Torilh sa...

Oi for en flott dag i et fantastisk område.

Lenedyret sa...

Wow!! Fantastisk flott... Og så heldige de var med været :D

arieldog sa...

Flotte bilete!

solveig sa...

Vi får reklamere litt for Sunnmøre på bloggane! God pinse!

Judit sa...

Her var det opptil flere gamle kjente turmål! Alskleiva hadde jeg helt glemt, kanskje et mål for sommeren? Fortsatt god pinse, det er vel varmt og deilig hos dere også!

mimouna sa...

Så flott natur! Kjekt å se bilder fra turene dine, spennende å få "være med".

jaja74 sa...

Fantastiske Runde betyr noko heilt spesielt for meg, nydelige bilder og heilt sikkert ei minnerik oppleving. Har nturbilete ellers frå Herøy i bloggen min eg da;)

Anonym sa...

Det er flott på Runde !
Jeg har ikke vært der siden vi var der på leirskole i 6. klasse , men dit skal jeg igjen ! :)

Josefine