mandag 1. juni 2009

Topp til prinsessa

For noko sidan strikka eg eit skjørt i Mandarin Petit til prinsessa. Det vart mykje for mykje garn, sjølvsagt... Så då kunne ho få ein topp som kan passe til skjørtet.
På toppen har ho eit hårband, eller skaut. Eg såg nettopp ei oppskrift på eit slikt, men printeren min ville ikkje hjelpe meg. Dermed dro eg på hytta utan oppskrift, og laga noko som likna på den eg hadde sett her.

Det vart jammen eit slikt hårband/skaut/panneband til... Dette er strikka av Mandarin Fiesta, og fargane er så sukkersøte at eg MÅTTE ta med det eine nøstet som låg att på butikken, heilt åleine.

3 kommentarer:

Hanne sa...

Så fargeglad og flott topp, også så skjønt hårskaut.

Anita K sa...

Hei du så stilige ting du har laget til prinsessa di :) Jeg kommer til Hareid med prinsessa mi nå på lørdags formiddag på det omtalte turnstevnet, og vi skal visst bo på ungdomsskolen. Kan du sende meg en sms slik at vi kan avtale om de madrassene dine?? tlf 938 80 855. Ha en super dag :)

Elins Strikkeri sa...

Så flott topp i gladfarger og fine skaut:)