Det er berre å innrømme det: Eg har visst blitt litt lei av å blogge. Det ser ein jo for så vidt av manglande oppdateringar.... Men eg er i live, det er berre det at livet er andre stadar enn på nett. Eg strikkar i vei, har laga både det eine og det andre, men eg kjem ikkje på å fortelle om det her.
Det er ikkje det viktigaste heller;)
Men eg kan alltids legge ut eit skikkeleg skrytebilete, av Musikanten min som var med i storbandet til Stjernekamp på NRK forrige helg. Vi sat sjølvsagt godt plassert i sofaen, heile familien. Det var stor stas å sjå storebror på tv!
Han var med som student på NMH, det var der dei henta musikarane til programmet. Stilig?
Litt om mangt -mest om hobby
mandag 8. oktober 2012
mandag 13. august 2012
Kvardagen melder seg igjen
Det er ikkje til å kome forbi. Sommaren er slutt, i alle fall er alle snart på plass i den vanlege aktiviteten igjen. Skule for nokre, jobb for dei andre. Vi som går på jobb, er jo i gang alt... Men så lenge skulen ikkje har kome i gang, er det litt rolegare enno også for oss vaksne.
Neste veke er det på'an igjen, med fritidsaktivitetar for store og små. Det blir kjekt, men eg veit også at det blir hektisk.
Eg trur jammen eg skal vere flink husmor, i alle fall på enkelte felt, og legge opp til vekesmeny igjen. Det har eg gjort før, og det var godt å ha tenkt ferdig i forkant! Då er det lettare å kome heim og gå igang, heller enn å "måtte" innom butikken og leite på måfå i hyllene, med det evige spørsmålet: Kva skal vi ha til middag?
Ulempa med å ha planlagt i forkant er at det kan skje uforutsette ting, slik at middagen rett og slett ikkje kan gjennomførast etter planen. Men då får vi heller bytte litt om på dagane? Eg trur det må til. Så no vert det tenking ein gong i veka i staden for kvar dag. Rasjonelt!
Kanskje eg kan gjere det slik på andre felt også? All jobbtenking blir lagt til mandag mellom 13 og 15.30. Resten av veka skal det ikkje tenkast ein fornuftig tanke. Dette kan bli gøy! I alle fall interessant;)

tirsdag 7. august 2012
Gammalt nytt?
Eg har visst ikkje vist fram sjalet eg strikka til "svigerdotter" Julia. Det er ei stund sidan det var ferdig, og det er ein månad sidan ho fekk det i bursdagspresang. Men her er det:
Ho var på besøk her i pinsa og lånte sjalet mitt. Då Musikanten kommenterte at ho likte det veldig godt, kom eg fram til at eg kunne strikke eit liknande til henne. Fairytale er deilig og mjukt, og sjalet vert varmt og godt!
Elles har eg strikka to kuvøsegensarar, det kan nok bli fleire. Det er lett strikk, sjøl om eg eigentleg syns to rett og to vrang er kjedeleg. Når plagga er små, vert det overkomeleg likevel.
Her fekk ei av dokkene låne gensaren ei lita stund. Og den passar faktisk veldig godt! Oppskrifta er svært enkel, men smart. Eg trur nok at denne gensaren kan passe mange små, i ganske ulike størrelsar.
Gensarar med korte ermer er fint til mange sesongar:) Det er ikkje overveldande varmt på Sunnmøre om sommaren, så det er greitt med korterma strikkeplagg. Og til vinteren kan eg vel også bruke den, eventuelt med ein gensar under. Denne er strikka frå toppen og ned, oppskrifta fann eg på Ravelry, men den vart meir fri fantasi etter ermene.
Her kan du sjå korleis den ser ut i originalversjonen. Til denne brukte eg Drops Baby Alpakka Silk.
.

mandag 6. august 2012
Syklubben Strikkepinnens Hvile;)
Nei, eg har ikkje slutta å strikke... Men det er ikkje så mange innlegg om strikking den siste tida, ser eg! Likevel har eg gjort litt!
Eg har no knabba pc-en til Musikanten, for eg må ha ein pc for å få til å blogge med bilete.
Det er nokre fordelar med å feriere i Norden. Nei, eg blir ikkje brun, og eg får ikkje lest så mange bøker ved bassengkanten. Men sidan vi må tilbringe nokre timar i bil, blir det tid til å strikke innimellom!
Då må det vere enkelt, helst glattstrikk på rundpinne. På den måten kan eg strikke utan å sjå for mykje ned, og då går alt så fint og flott:)
Rett før vi reiste på tur, hadde Trådkråa 20% på alt garn, og det er ei god unnskyldning for å handle! Etter å ha surra rundt i butikken på måfå ganske lenge, konkluderte eg med at eg måtte ha med meg nokre nøste Fin, ei deilig blanding av alpakka og silke, litt blank og veldig mjuk. Det vart både blå til meg og melerte til ei av jentene. Eg strikka ein enkel vest, som minstemor undervegs bestemte at storesøstera skulle få. Det var nemleg verken rett farge eller fasong til sjefen... Jaja, storesøstera tek villig imot:)
Elles rydda vi på romet til Minstemor, det er spennande prosessar. Dersom eg gjer det åleine, er det lett for å miste enkelte ting i søppelposen, utan at nokon oppdagar det. Men denne gongen ville Minstemor hjelpe til, og då vert den effektive ryddeprosessen ødelagt annleis. Vi oppdaga at dokkene ikkje likar å ligge i sengene sine, for dei har ikkje madrasser. Så då strikkar mor kjapt nokre tjukke teppe som kan vere madrasser, og nokre små som kan vere dyner etc. Kjekt å bruke opp litt restar på slikt!
Rett før vi reiste på tur, hadde Trådkråa 20% på alt garn, og det er ei god unnskyldning for å handle! Etter å ha surra rundt i butikken på måfå ganske lenge, konkluderte eg med at eg måtte ha med meg nokre nøste Fin, ei deilig blanding av alpakka og silke, litt blank og veldig mjuk. Det vart både blå til meg og melerte til ei av jentene. Eg strikka ein enkel vest, som minstemor undervegs bestemte at storesøstera skulle få. Det var nemleg verken rett farge eller fasong til sjefen... Jaja, storesøstera tek villig imot:)
Oppskrift har eg ikkje. Her er det berre strikka etter innfallsmetoden, felt nokre masker i sida her og der oppover, og så hekla eg litt øverst, berre fordi eg hadde lyst til det. Kjekt å gjere det slik av og til:)
søndag 29. juli 2012
Gåve frå ein litt hemmeleg sommarvenn!
Eg har fått gåve frå ein "hemmeleg sommarvenn". Det var ikkje så mange med i denne runda på hobbyboden, så det var ikkje direkte vanskeleg å finne ut kven avsendaren var.... Tusen takk for deilig garn og silkeband, Strikkesnuppa! Fargen på biletet er litt feil, garnet ser "kaldare" ut på biletet enn det eigentleg er. Eg veit ikkje kva dette skal bli omdanna til, men kanskje ein bolero eller noko slikt til ei av jentene? Dei likar slikt for tida...
Sommarferie-resyme:)
Det er jammen fint med litt ferie! No har vi enno ei veke att av ferien, så det kan vel skje fine ting også etter i dag, men eg kan skryte litt av det vi har fått med oss til no. Som oppvarming kan eg vise at vi har hatt sol her heime også, dette biletet er frå slutten av juni. Det var ikkje badetemperatur, men det er nydeleg på stranda her likevel! Jentene likar å grave i sanden, erte bølgjene og leite etter minikrabber.
Vi starta åleine i Frederikshavn, og etter eit par dagar der dro vi vidare til Vejle. Der kom systra mi og familien hennar og var ilag med oss. Kjekt for alle partar å ha selskap, ikkje minst i Legoland. Der var det forresten så mykje folk at det hadde vore like greitt å vere heilt åleine. Det er jammen ikkje lett å halde saman når det er tusenvis av andre menneske alle plasar. Lange køer for det meste, og ikkje heilt fantastisk ver. Men det var kjekt likevel! Eg var godt fornøgd med å gå ilag med minstemor, vi kosa oss med dei små karusellane og rolege aktivitetar. Ho likar ikkje dei som går fort og bratt:) Prinsessa fekk halde seg ilag med syskenborna og køyre full fart, og det passa henne bra. Flott å kunne dele seg!
Om du er i nærleiken av Hirtshals, bør du vurdere å legge inn eit besøk i ørnereservatet. Det var stilig å kome så nær ørner og falkar! Denne sat på ein stolpe rett ved sida av meg. Kult, eller?
Frå den eine ytterligheita til den andre:) Vi besøkte Givskud Zoo. Absolutt ein park verd eit besøk. Der vekslar ein mellom å gå og å køyre bil inne i parken, og ein får sett mange dyr på nært hald. Løvene er kanskje mest imponerende, men denne krabaten på ca 6 veker er ikkje så dum heller!
Vi avslutta turneen i København. Flott utsikt frå toppen av Vår Frelser Kirke. Litt nifst å gå opp til toppen, vi møtte ei som var nesten vill i blikket og ba alle om å snu ned att. Vi gjorde ikkje som ho sa... Eg var ikkje redd, men det kilar jo litt i magen når du går i utvendige trapper på veg opp til toppen av tårnet.
søndag 8. juli 2012
Sommar er ein fin ting!
Det er jammen deilig med sommarferie!
Forrige veke hadde eg ein lekker kombinasjon av jobb og fri, då eg avspaserte nokre dagar og hadde med nokre "nye-i-Norge-born" på aktivitetar andre dagar. Og når eg kan velge, tek eg noko som er kjekt for meg også;)
Ein dag var vi på Barnas Lekeland i Spjelkavik, Ålesund. Det er eit fantastisk konsept! Borna leikar seg i vilden sky, i sikre omgjevnader, og eg kan site roleg og sjå på:) Eg hadde tilfeldigvis med meg strikkesaker....
Ein annan dag var vi på tur på eit ørlite fjell, og steikte pannekaker på primus. Deretter besøkte vi ei badestrand, såpass at borna vart våte og skitne:)
Men det beste var sjølvsagt at eg hadde lagt avspaseringsdagane mine til dei dagane det var finast ver. Så mot slutten av veka var det avslapping i sola!
Sidan pc-en har teke kveld, og kameraet ikkje heilt vil vere på lag med reserveløysinga, blir det dårleg med bilete. Synd, for eg skulle gjerne dokumentert kor fint det var fredagen, då det var "Opplev Hareid" her. Tivoli og boder i sentrum, sol og godt humør, gode tilbod i butikkane, det er ikkje så verst her då!
Minstemor gjorde seg ferdig med barnehagelivet forrige veke. Frå hausten er ho skulejente. Vi håper at brevet med klasseinndeling og slikt ligg i postkassa i morgon, så vi får sjå det før vi legg ut på ferie.
Tysdag morgon reiser vi i retning Danmark og Legoland. Det høyrer med, når ein har born i rett alder!
Men det er lettare å pakke klede til to veker i Tyrkia, gitt... På ferie i Norge og omkringliggande strøk kan vi jo risikere både det eine og det andre på verfronten!
Det er ikkje umogleg at det kjem livsteikn frå meg seinare i sommar:) Nyt sommaren der du er!!

torsdag 28. juni 2012
Sommarmodus!
Eg er visst ikkje heilt i bloggemodus for tida. Det hjalp ikkje at pc-en min tok kvelden... Eg har ei stasjonær maskin, men den er såååå treg! I tillegg har eg gubben sin i-pad, som eg prøver meg på no.
Det er nesten ferie, og eg avspaserer nokre dagar innimellom. Hittil har eg sikta etter vermeldinga;) I dag har eg hatt fri, for det var nydeleg vêr! I morgon skal eg ta med eit par søte born frå Eritrea på barneteater, i alle fall om dei er friske... den eldste vart rett og slett skikkeleg forkjøla etter turen vi hadde i går, med vassing og leik i kaldt sunnmørssjøvatn. Jaja, slik kan det gå!
Medan eg sat ute i sola i dag høyrde eg radio, Lunsj. Herlig program, og eg lo så tårene trilla av skildringa av Frank, den tilfeldige turisten som vart smaksdommar i ei brasiliansk matkonkurranse. Det går an å lese den her, på engelsk. Frank som curry-dommar
onsdag 13. juni 2012
Sommarfestar i rad og rekke og rad og...
Sjå, kor nydelig! Barnehagen til minstemor hadde sommarfest i dag, og dei framførte ein sjarmerande versjon av Kardemomme By. Sommaren let vente på seg, det var iskald vind og 8 grader, men vi vart varme på innsida av å sjå dei flinke småtrolla våre synge og lese replikkar, og framføre eit slags skodespel;) Tusen takk til dei vaksne som gjer dette mogleg! Etter at spelet var ferdig, fekk vi pølser med brød og suppe. Smart, og enkelt for oss. Ingen middagskoking i dag!
Litt vemodig at det er slutt på barnehagelivet for familien. I dag var minstemor på førskule også. Ho var veldig fornøgd med den opplevinga.
onsdag 6. juni 2012
Kuvøsegensarar?
Treng du noko lett å strikke? Eg lurer på om eg skal strikke kuvøsegensarar til barnesjukehuset i Haydom. I denne linken finn du oppskrift og meir info. Det er ikkje mange månadane sidan eg såg bilete og høyrde ein svært engasjert mann her i bygda fortelle om turen han hadde vore med på til Haydom og deromkring. Det er snakk om Tanzania, og eit svært godt sjukehus. Så kanskje skal det verte slike prosjekt istaden for luer og skjerf i sommarvarmen;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)