søndag 3. juni 2007

Sommaren er her!

I dag har det vore nydeleg på Sunnmøre! Vi har kosa oss med grilling og sol i hagen. Eg syns det er litt morsomt å prøve å lage mat som eg ikkje heilt veit kva blir, og det blir av og til veldig bra, og av og til mindre populært blant den knallharde juryen i heimen.



Her ein dag laga eg noko som Musikanten kasta eit skeptisk blikk på og erklærte som atomavfall. Det er den milde versjonen av at noko ikkje ser fristande ut. Men han måtte innrømme at det smakte godt!

Det er jo ein ørliten seier;)

I dag hadde vi planlagt eit besøk hos svigermor som nettopp har tatt ein operasjon. Vi pakka oss inn i bilen, køyrde 7-8 km og registrerte ein sterk, aukande ulyd som vi ikkje likte. Det enda med at vi parkerte bilen ved ein verkstad tett ved, og vart henta heim av ein kjekk nabo/onkel.

Vi får vel ein reparasjon på nokre tusen, vi fryktar at det er registerreima som ikkje er heilt på plass etter skifte for nokre veker sidan. Å, så irriterende det er med bilar som ikkje gjer jobben sin!! Tenk kor mykje garn eg kunne kjøpt for utgiftene til den reparasjonen! Eller middagar på restaurant, i det minste:)

Ingen kommentarer: