onsdag 13. juni 2007

Wow, det tova veldig mykje!

Det er ganske spennende å strikke uten mønster og uten å ha prøvd med ein liten prøvelapp. Så i dag strikka eg ein liten lapp, stappa i maskina og venta spent. Den vart nesten borte!!

Rett nok var det ein vask med ein del andre ting i, men at det skulle vere så effektivt?! WOW!

Eg må nok berre prøve å strikke meir, og ca til dobbel størrelse...
Prosjektet skal bli ein kjole til gullungen, og eg tenkte å lage selar uten å feste dei saman på skuldrane. Då har eg litt å gå på om krympinga skulle gå litt imot meg.


Slik ser det ut når gullungen vil sjekke kvaliteten:)



Det går veldig seint framover dette, men eg har hatt for mykje å gjere!
Vi var på songarstemne i helga, og det er ikkje egna til utstrakt strikking. Og eg fann ut at å strikke i baksetet er omtrent likestilt med å lese i baksetet. Det endar med kvalme...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så søt lita snuppe du har :) Kjolen kjem til å verte kjempe fin, for du har valgt friske og fine farger :)

Anonym sa...

Så flott kjole:-D
Veldig stilig med striper og flotte farger:-D

amylin sa...

Så spennende da. Det var i alle fall flotte farger på den kjolen. Prinsessa di er nydelig.