tirsdag 3. juli 2007

Lefsebaking no??

Dama må ha klikka. Alvorleg. Det er noko som har gått veldig skeis i toppetasjen der. På ein dag med god varme ute set ho i gang takka inne på kjøkenet. HALLO? Slikt skal skje før jul, ikkje i juli!



OK, eg innrømmer det. Litt sært tidspunkt, men eg har aldri prøvd å lage hardinglefser (også kalla tjukklefser) sjøl, og no hadde eg tid og lyst! I tillegg har eg stående takka til mi kjære mor, sidan eg laga sveler for nokre dagar sidan. No vart det altså hardingar. Og dei smakar veldig godt:) Alle dei tre borna synes mamma er fantastisk til å lage god mat. (Eg har ikkje hjerte til å forklare dei at det ikkje er heilt sant...)

På pinnane har eg no ein pulsvarmar. Dei skal matche calorimetry-en som eg har laga i den deilige alpakkaen:) Gåve frå min hemmelige venn i april, Randi! Eg har nesten ikkje hatt råd til å bruke den....

7 kommentarer:

mimouna sa...

Lefser er godt hele året det, men det må ha vært VARMT å steike dem!*puh*

Den tovete kjolen var flott, herlige farger. Ha en fortsatt god sommer!

Jane sa...

DET såg godt ut det! Trur eg må finne meg ei god oppskrift på lefser og prøve dette sjølv. Her på østlandet er det ikkje så varmt så her kunne me laga mange lefser.

Tebasile sa...

Lefser er alltid greit å ha i fryseren. Flott blogg du har og så koselig at du skriver på nynorsk.

sipusa sa...

Mmmmmm... de Ser Deilige Ut *nammenam* :-D

Ronille sa...

Mmmmmm syns eg kjenner lefselukta heilt hit... Merkelig vær, veit liksom ikkje om eg skal være ute i hagen å jobbe, eller ta litt forefallande husarbeid.. Pysj, sitter på verandaen og strikker i staden.. Kjekkare det :) Ha en fortsatt fin kveld :)

Rodrigo sa...

Oi, achei teu blog pelo google tá bem interessante gostei desse post. Quando der dá uma passada pelo meu blog, é sobre camisetas personalizadas, mostra passo a passo como criar uma camiseta personalizada bem maneira. Até mais.

lise sa...

Det ser herlig ut med lefser, blir sulten her jeg sitter.. Nydelig grønnfarge på strikketøyet, definitivt den grønnfargen jeg liker best. Calorimetry er genial, så den blir nok mye brukt når temperaturen faller.