onsdag 29. august 2007

Haust og epletre?

Her må eg presentere tante Ingeborg sin epledessert. Den er nydeleg på smak, varm og god under eit sprøtt topplok. Denne må berre testast!

3-4 syrlege eple
1/2 kopp vatn
1 kr.mål malt muskat
1 ts kanel

1 kopp kveitemjøl
3/4 kopp sukker
1/2 kopp margarin

Skrell epla, del i bitar. Ha dei i ei eldfast form, hell over samanblanda vatn og krydder.
Lag smuldredeig, strø den over epla. Trykk litt ned mellom epla.

Steik ved 200 grader, ca 30-35 min.

Server varm med is eller krem.

Ingen kommentarer: