tirsdag 14. august 2007

Hemmelig venn i august

Det er så kjekt å gå til postkassa og oppdage at det er pakke der! No var det litt anna der også, og den litt anonyme pakken fekk vente til sist:) For å spare litt på spenninga, sjølvsagt!

Eg sette til og med på ein klesvask før eg endeleg opna pakken. Einaste hintet eg fekk var ei avsendaradresse, Ski... Seier meg ingen verdens ting...

Men om eg ikkje veit kven som er min hemmelige venn i Hobbyboden denne månaden, er jo ikkje så farleg. Eg får jo uansett vite det i slutten av august, så det er berre å vente...

Og pakken er perfekt! Tovbart garn passar midt i blinken, eg som har fleire små prosjekt på gang:)

Tre nøster deilig ullgarn, og ein pose deilige krokodiller. (Det er alt nokre i minus der. Kva er det som skjer??)

TUSEN TAKK!! Du som sendte pakken er sikkert innom og sjekkar, så då er denne takken til deg:)

Ingen kommentarer: