onsdag 8. august 2007

Ikea, ja?

Det vart jo Ikeavarer på meg likevel! Min kjære fann ut at veret var så kjedeleg at han like gjerne kunne køyre til Trondheim og handle. Så det gjorde han forrige veke. Han starta kl. 06.30, var i Trondheim kl 12.45 og foretok ei handlerunde som kunne imponert kva som helst slags luguber gerilja. Eg hadde utstyrt han med liste, og han fullførte med glans:) Alle varene på plass i bilen, sjekktelefon heim til sjefen (meg), og så kunne han suse heim.

Han var heime igjen kl 21.30. Det er vel ny rekord... Det vart nokre mil!

Og etterpå har vi brukt nokre timar på å skrue saman flate pakkar.

Det er imponerende kor gode Ikea er på å lage bruksanvisningar! Sjøl mor får til:) Dessverre. For det vert lite tid til strikking!

Som ikkje det var nok med Ikea-montering, har eg handla eit lite akvarium i dag. Bilde får kome når det er litt meir klart. I kveld har eg vaska grus, fylt akvariet med vatn og litt planter etc.
I morgon må eg handle ei skøyteledning, og om nokre dagar skal fiskane få flytte inn i nytt hus. Då slepp dei å leve i fare for katten. Han er litt ivrig rundt gullfiskbollen av og til...

3 kommentarer:

Fru Dart sa...

IKEA har mye flott ja. Og ikke så ille dyrt heller. Akvarium er koselig. Ønsker meg ett jeg også, men må bearbeide gubben først ;-)

Anonym sa...

Halloen. Ta en titt innom bloggen min, har nominert deg.. :)

Eva sa...

Det var mannen sin det! Jeg er imponert :) Og like imponert over Ikea som hadde ALT på lista di...