søndag 26. august 2007

Jordbær:)


Her er dagens fangst i blomsterbedet:)
Det er så vått ute at eg ikkje gadd å knipse ute, men det er framleis blomster på plantene, så det vert meir bær framover!

Dette er "Månedsjordbær", sådde av frø for eit par år sidan.

Namnet er ganske korrekt, i og med at dei gjev bær i fleire månader. Bæra er litt små, av og til svært små, og litt "vasne" i konsistensen. Men når dei er heilt modne er dei kjempesøte! Prinsessa elskar å gå på jakt, og gullungen har vore på jakt nokre gongar ho også... Men ho får like gjerne med seg eit blad!

Ingen kommentarer: