fredag 21. september 2007

Hemmelig venn-pakke!!

Såååå lenge å vente kvar gong;) I alle fall føles det sånn, når eg ventar og ventar på at det skal kome noko spennende innimellom alle rekningane og reklamen. Og i dag låg det ein pakke i posten! Hurra!

Og det var ein pakke frå ei Rogalandsdame, bestemor til tvillingar. Hmmm, eg skal nok finne deg!

Men fyrst og fremst må eg legge ut bilde og seie ifrå at pakken er komen. Og det var ein perfekt pakke!

Eit deilig nøste allpakka, i ein fin mellomblå farge, og to nøster Regia i raudt/grått, så no kan eg strikke deilige tjukkelestar. Tusen takk, det var akkurat det eg ønska meg!!

Ingen kommentarer: