tirsdag 23. oktober 2007

Planar er fint!

Eg har hatt nokre innlegg tidlegare, med oversikt over kva eg skal lage framover.

No har eg laga ein god del av det som stod på listene der.

Den forrige lista var slik:
rosa strikkebukse til gullungen (ferdig)
rosa leggvarmarar til prinsessa (ferdig)
turkise pulsvarmarar til meg sjølv (ferdig)
pulsvarmarar til eit par systre og svigerinner (ferdig med nokre)
leggvarmarar til nokre nieser (ferdig med eit par)
isskrapevott til to svogerar (ferdig)
tova vottar til nokre nieser og ein nevø (ferdig med eit par)

Eg ser at eg har att litt, men har jammen fått unna noko av det som står der, også!

No får den nye lista ta med litt frå den gamle...

eit par pulsvarmarar
to par leggvarmarar
tre par tova vottar

strikka vest til prinsessa?
fleire isskrapevottar?
sokkar til både små og store:)
hue til musikanten

Ingen kommentarer: