søndag 16. desember 2007

Dagens oppdatering

Ravelry rykker stadig nærare, det er no 1529 personar før meg i køa. Det kjem an på om dei tek juleferie, desse som skal legge oss inn. Om dei ikkje gjer det, veit eg kva eg kjem til å bruke jula på...

Elles er eg bitt av ein blandingssjukdom: Delvis lei av vott nr. 2, delvis skrekkelig lysten på å strikke noko meir spennende, og delvis pottesur fordi eg oppdaga etter å ha strikka vrangborden på vott nr. 2 at eg ikkje hadde rett pinnestr. Å strikke noko kjedeleg for andre gong, det er kjedeleg, det!

Så langt er eg komen.... Igjen....

Og innimellom må eg strikke noko somgår kjappare, så då har det blitt eit par luer av denne typen.

I dag kosa vi oss tidleg om morgonen. Rett etter ein tidleg frukost pynta vi peparkakehus. Eg limte det saman i går kveld, så det var klart til den kjekke jobben i dag. Storesøster bestemte dekoren, og stod for pyntinga. Veslesøster stod for prøvesmakinga av alle NonStop-ane ho kunne få tak i. Seigmennene kasta ho på golvet etterkvart, dei var visst ikkje så gode;)


Og i kveld ville storesøster lære seg å strikke. Og sidan eg lova på hobbyboden å ta henne på alvor neste gong ho ville strikke, måtte eg berre trå til. Ho vil lage eit stoooort teppe til alle dokkene sine, men etter ca 15 masker var det nok for i dag. Men no kan prosjektet hennar ligge her og vente til neste gong ho vert inspirert. Ikkje dumt, i ein alder av 4 1/2 år?

2 kommentarer:

Unknown sa...

Flotte votter som kommer til og varme i vinter. Papperkake huset ble jo bare så lekkert da,dere er kjempedyktige. Ha en fin uke og god jul hvis vi ikke ses:-)

pip sa...

Tak for hilsen på min blog, ja det kan være svært at styre strikkepindende, fik aldrig lært min datter det, og hun kan stadig ikke i en alder af 27 år, tror det er et spørgsmål om interesse, håber du får lært din datter det, det er så dejligt med en hobby, hvad enten det er strik eller syning, en god jul til dig.