tirsdag 25. desember 2007

GOOOOOOD JUL!!

1. juledag og livet er herleg:) Og at dei yngste i familien er i senga, det gjer ikkje noko... Vi har hatt ein skikkeleg sosial dag, med julebrunsj hos svigers. Det inneber 13 personar til brunsj, middag og kaffe;) Vi har også fått inn ein spasertur i skauen, med julenisse på slep.

Vi har såvidt klart å rydde unna ein del av julegåvene, eg syns dei var overalt i går kveld! Jentene fekk massevis, særleg prinsessa vår på 4 år. Og ho er storfornøgd med å opne gåvene, det er ikkje tid til å sjå så veldig nøye på gåvene før neste pakke må opnast. Desto kjekkare for henne at veslesøster ikkje har forstått det der med å ta av papiret. Så storesøster kan ta ansvaret og opne alle dei pakkane også:) Det er ein fin deal!
I tillegg var den kjekkaste gåva under treet ein gensar... I alle fall brukte gullungen mykje tid på å dandere gensaren rundt seg, og så gjekk ho til speilet og sjekka kor fin ho var. Ho heldt på med dette ein halvtime, fram og tilbake!

Den siste pakken eg opna var frå min hemmelige venn i hobbyboden. Eg har sansen for å spare det beste til slutt!
Eg trur det er gud75 som er ansvarleg for denne. Og pakken er midt i blinken! Eg fann marsipanbrød (det forbarma gubben seg over med ein gong...), 2 nøster Juvel i mange fine fargar, og 4 nøster Cortina. 2 rosa, 2 lilla. Det skal nok bli noko fint i 2008 av dette garnet! Tusen takk, gud75!

Eg fann eit bilde av adventskalenderen også! Her er det ein pakke igjen, men no er det tomt, ja! Denne broderte eg for mange år sidan, og eg har ikkje funne inspirasjon til å brodere fleire enno. Trur ikkje det vert prioritert neste år heller.

Ingen kommentarer: