onsdag 14. mai 2008

Restegarn, ja!


Eg trudde i eit optimistisk øyeblikk at to restar kunne forenast og bli ein klut. Men det viste seg snart at det ikkje stemte med realitetane. Så då var det berre å tenke ut noko anna... Og sidan denne kluten alt var halvferdig, vart det enkelt og greitt ei lita veske til fotoapparatet mitt. Det ligg altfor ofte i veska og har det ganske kummerleg. Så no har eg brukt opp restane etter den forrige kluten og det brune handlenettet, og i tillegg funne ein skinnknapp som eg plukka av ei gammal skinnjakke:)

Ideelt sett skulle eg hatt bilde med kamera inni veska, men av forståelege grunnar er det litt vanskeleg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann. Innom for å ønske deg ei fin 17.mai helg. Eg og mannen min reiser på hytta :)
Klem fra Ronille