onsdag 11. juni 2008

Utfordring!

I dag la eg opp til ei utstrakt bloggbesøkrunde, og på min vei kom eg også innom Lunamon. Ho hadde blitt tagga, og gav denne utfordringa til alle som var innom på besøk. Så då gjer eg det samme. Er du på besøk her, er du herved utfordra!


Kva gjorde du for 10 år sidan?
Jobba på ein barneskule i kommunen, sang i kor og hadde eit barn.

Nevn 5 ting du hadde på "må gjør lista" idag?
*klesvask
*skifte sengetøy
*bake brød
*vatne blomster
*nokre telefonar:)

Snack eg likar:
Altfor mykje. Sjokolade og potetgull er høgt på lista.

Ting eg vil gjere som millionær?
Bytta ut bilen, reist på weekend saman med gubben, bestilt familietur til Tyrkia og bleika tennene... (uffda...)

Stadar eg har budd:
Ålesund og Hareid, pluss eit år i Gvarv:)

Ingen kommentarer: