onsdag 2. juli 2008

Og garnslankinga, korleis går det med den??

I starten av april hadde eg eit innlegg der eg kom til at lageret knapt hadde minka i løpet av fyrste kvartal. Så no må eg sjekke igjen!

Eg har altså brukt opp 3570 gram det fyrste halvåret 2008. I same periode har eg handla 2500 gram, fått 1000 og gitt vekk 720 gram. Kva lærdom kan vi trekke av dette?
1. Eg må verte flinkare til å sende Hemmeleg ven-gåver med mange nøste i, sidan eg har meir garn inn enn ut...
2. Elles har eg klart å bruke litt av garnet eg har hatt, men ikkje så mykje:)

Lageret mitt har minka med 720 gram i løpet av dette halvåret.

Og det er ikkje så ille:)

Tenk at eg har garnslanking, rett nok i liten skala, medan andre har lager på 35 kilo (!!) Det er mange nøste det!!

2 kommentarer:

Shamu sa...

Så flink du er!!! :)

lene sa...

Du er jammen flink.. garnslanking er ikke lett..

Ønsker deg en riktig god sommer med masse sol, bad og strikk..