mandag 21. juli 2008

Shopping til Ørsta

I dag gjorde vi eit klokt val: Skodde og grått ver gjorde at det frista med ein liten ferieshoppetur til Ørsta. Ikkje nokon spesiell grunn til at det vart der, med unntak av at det er eit hagesenter med godt rykte rett etter tunnelen...

På vegen sende eg ei melding til Ronille og lurte på om ho kunne gje meg litt informasjon om garnbutikkar i Ørsta. Og kva trur du? Dei har stengt i sommarferien:(

Det vart ein hyggelig tur likevel. Vi kosa oss med å handle på salg. Det er så kjekt når yngstemor får jakke til 115 kroner, det vart ein haug med sommarklede til begge jentene. Og mannen i huset fekk seg både bukse og skjorter, det var virkelig på tide.

Så vart det ikkje handla garn i dag. Men då kan eg jo besøke Lappestua i Ålesund om nokre dagar, det kan vere verdt eit besøk. Det vil gjerne medføre at eg handlar stoff og må ta fram symaskina...

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann. Ja innmari dumt å holde stengt noke så viktig som garn og stoffbutikk... Men gled deg til Lappestua du, mykje bedre der enn her :) Skulle gjerne ha truffe deg, men det skjedde så masse her i går. Mannen reiste 2 veker til Portugal på jobb, Lisje Snuppa fikk velta ei melketralle på over 100 kg over leggen. Ho jobbar på EuroSpar, og det var på jobb det skjedde. Men det gjekk heldigvis bra, ho skal ta det med ro og vart sjukmeld ei veke.. Vi får ta det att neste gang, evt vi kan møtast på Lappestua og få med oss fleir fra distriktet :)
Stor klem fra Ronille