mandag 25. august 2008

Det nyttar å klage!

No er eg hoppende fornøgd! Det nyttar å klage på dårlege produkt!

Forrige veke var vi på dugnad for skulekorpset og vaska ned på skulen igjen. Det var for så vidt ein OK ting å gjere, men moppen min knakk! Det var ei anna korpsmor som lånte den, og eg såg at den var knekt i toppen, men ho var lur nok til å ikkje kommentere noko om det... Øverst på moppeskaftet er det ei gummipakning som heldt stanga saman enno, men det gjekk eigentleg ikkje an å bruke den på vanleg vis.

Så i og med at moppen var ny, berre 3-4 veker gammal, sende eg ein klage til Lilleborg. Jif-moppen er nemlig ikkje heilt billig heller.

Det gjekk 5 dagar, men i dag fekk eg mail frå dei! Eg er såre fornøgd, dei beklaga, takka og bukka og vil sende "ny moppestang og et utvalg av Jif produkter".

Så dagens moral er: Klag og vent at det ordnar seg.



Eg har klaga ein gong før, for mange år sidan. Då fekk eg 10 bordpakningar med Soft light margarin.... pluss kaffi, kaffikopp og masse beklagelsar. Kanskje vi burde gjere det oftare?

3 kommentarer:

syglad sa...

Så flott at du fikk ny moppekost da, er enig med deg at vi burde vel klage litt oftere på produkter som ikke holder mål..
Ønsker deg en fin uke

Frau Putz sa...

Hej Anlen
Jeg har en gang klaget over industri-støvsuger (Damm-sugare på norsk?) som vi havde brugt i vores private hjem i ganske kort tid da alt "tilbehør" (Mundstykke, børster og så videre) var gået itu.
Jeg fik også mange beklagelser fra producenten og helt nye tilsendt - fantastisk.
Det nytter at klage, når tingene ikke er i orden. Det er bare tit alt for besværligt, og man orker ikke, hvis tingene ikke har kostet mange penge :o)
Well... god fornøjelse med brug af din nye moppekost! :o) Håber der bliver tid til overs til strikning også

Anonym sa...

Les hele bloggen, ganske bra