fredag 29. august 2008

Fotoalbum i kilometervis....

Og i dag vert det ikkje strikka ei maske.... Omtrnt 600 bilde som skal limast inn i fotoalbum, det tek litt tid! Sjøl om eg ikkje driv med scrapbooking, det er rett og slett mange timars arbeid å få bilda inn i rett orden.

I tillegg opererer eg med 4 album, eitt til meg (og familien), og eitt til kvart av borna. Det vert mange sider å fylle!

Eg starta i går kveld, men vart sjølvsagt ikkje ferdig. I dag tidleg oppdaga minstemor at ho kunne få tak i masse fine bilde berre ho klatra bittelitt:)

Så dermed vart det kaos i dei bilda eg hadde brukt lang tid på å sortere.... Huff og huff. Det er vel omtrent på linje med å måtte rekke opp!

1 kommentar:

Judit sa...

Såååå flink du er! Jeg har snart 6 år med bilder som skal i album.... En gang skal jeg begynne, men det blir ikke før etter jul en gang....

Ha en fin helg!