lørdag 16. august 2008

Garn til barnehagen

Eg har sett gjennom ei av strikkekorgene mine. Og konkludert med at det ikkje er mogleg å lage noko fornuftig av det eg har der. I alle fall ikkje alt;) Mange små nøste er berre på 10-20 gram, og eit par er nøste som eg ikkje kan fordra. Det er dermed berre eit fornuftig val her: Gje vekk det som er overflødig!

Etter ein liten sekvens med vidare rydding, har eg enda med 180 gram garn som barnehagen skal få ta over. Det er ei moderat mengde, men det er fordi eg gjorde det samme for eit halvt år sidan, eller deromkring. Og sjølv om det ikkje er store mengder, er det mange fine smånøste som har tildels flotte fargar til jentene i barnehagen:)

Ingen kommentarer: