torsdag 16. oktober 2008

Dagens vise ord!

Eg har berre nokre få vise ord å kome med i dag. Mark Twain var ein god mann, og eg har sett eit sitat som eg no har hengande framfor meg på arbeidsplassen min.

Gjer alltid det rette.
Det vil glede nokon, og forbause resten.



Eller kva med dette, av ein ukjent, klok person:


Hvis du trur du kan gjere noko, er du på god veg.


Ivar Aasen er også ein mann med mangt på hjartet. Då må du koble over til gammal språkdrakt! Eg har ein svigeronkel (?) som kvart år er med på å lage Ivar Aasen-kalendar. Det er ein hendig liten almanakk som eg har funne under juletreet i mange år. Flott gåve!
For kvar dag står det eit lite sitat. Nokre er berre pussige, men andre er rett kloke. Eller almennyttige.


Me får retta oss etter Verdi; ho rettar seg ikkje etter oss.



Var ikkje Myrkret, so visste me ikkje av Stjernor.





Så der har du fått med deg litt påfyll i dag også:)Eg er svært glad for alle helsingar i bloggen min!

1 kommentar:

sipusa sa...

Mange som har sagt bra ting, fint å lese det.