onsdag 22. oktober 2008

Inneaktivitet:)


Det er skikkelig innever for tida. Og jentene er kreative, om ikkje alltid på måtar mor syns er veldig bra... I ettermiddag har stovebordet forsvunne, og i staden har vi fått ei hytte. Under her har jentene teke med seg bamse, dokke, frukt og puter.

Denne karen her fekk kanskje ikkje plass. Eller så ville han rett og slett ikkje leike i dag. Han er så stor at han ikkje orkar å leike heile tida...

Sånn kan det også sjå ut på den vakre øya vår. Her er frå ein ekskursjon med 7.klassene til vassrenseanlegget. Det var spennende å sjå kva dei gjer med vatnet:)

Alle bilda i dag er tekne med mobilen, så kvaliteten er ikkje akkurat noko å skryte av...

1 kommentar:

Ugla sa...

Hyttebygginga ser kjent ut, vi bedriver det vi også :-) Ha ei fin helg!