søndag 19. oktober 2008

Kulturell veke!

Det er visst alt eit år sidan sist, men Hareidsstemna er no avslutta igjen... Det er ei skikkelig kulturell veke.
I løpet av denne veka, inkludert to helger, har vi fått velge mellom ein imponerende haug med konsertar og andre arrangement. Eg har fått med meg 4, og gått glipp av maaange! Sist søndag var vi på konsert med Musikklaget Melshorn og Vox Virorum. Musikanten på 17 spelar i korpset Melshorn, og faren min er med i mannsgruppa Vox Virorum. Begge er gode kvar for seg, og saman vart det veldig bra. Ein flott konsert! Så gjekk eg glipp av kunsturstilling, lyrikkveld, humor/potetballkveld. Onsdag var vi på musikkskulekonsert, med Hareidsgutane (der sonen er med) som ein eigen halvtimes innslag.

Torsdag var eg lat, og fredag også. Så eg var ikkje på konsert med Secret Garden. Der var det fullt hus! Men i går var det stormønstring, med Stemnefest. Det er ein laaang kveld, med kakesalg i matpausen, og utrulig mykje variert program. Det var sjølvsagt fleire kor, eit vaksenkorps, filminnslag, dans, festtale, opera, ei jente las dikt.... Det var vel litt for einkvar smak.

I kveld var det store høgdepunktet for min del:

Er det nokon som får assosiasjonar av dette cd-coveret? Om du ikkje har høyrt den, er det vel berre å kjøpe:) I alle fall om du likar gamle salmar og denslags, i ei litt oppjazza innpakning. SKRUK er eit fantastisk kor, og denne cd-en er nydelig! Her har dei nemlig fått med seg Kåre Nymark Collective, og det er jammen ingen dårlig ide!


Og ved utgangen fekk eg stå og vere bøsseberar for tv-aksjonen. Det var rett og slett for mange bøsseberarar her i år. I fjor var det litt knapt, så eg gjekk to roder. I år fekk eg ikkje gå. Men eg fekk mykje pengar i bøssa frå dei som hadde vore på konsert:)

1 kommentar:

Annika sa...

For mange bøsseberara der inne also? Ut me oss va det knapt, so det blei to rode på mej...

Det he vore ei flotte stemneveke ja. Ej hekje fått me mej so masse, men ej fikk me mej Ishavskvelden iallfall! Kjekt når det skjer litt på Hareid også!