onsdag 1. oktober 2008

Kvartalsrapport. Eller syndsvedkjenning.

Her er det på tide med ein kvartalsrapport. Eg hadde jo planar om å redusere på garnlageret mitt, og ikkje auke det. Og så er det noko med at det er umulig å oversjå enkelte gode og/eller fristande tilbod... Men eg har vore flink!

Eg ser på oversikta i høgre marg at eg har brukt opp 5325 gram hittil i år. Og så har eg visst gitt vekk 1550 gram. Det betyr 6875 gram ut, på den eine eller andre måten. Men noko kjem jo inn også, og no har eg fått 1300 gram og handla 4600 gram.

I sum trur eg det betyr at eg har brukt 975 gram meir enn eg har fått inn. Så då har lageret mitt krympa bittelitt. Og i alle fall har eg hatt ein viss sirkulasjon i kva garn eg har lagra! Det er jo også ein fin ting.

Ingen kommentarer: