mandag 6. oktober 2008

Sjå, så søt:)

Prinsessa vår har dessverre blitt allergisk mot katt, gras og støv. Det har ikkje gjort at vi har kasta ut katten vår, for det går så bra. Det er kanskje fordi han er stor og ikkje veldig søt lenger... For i helga fekk vi treffe ei lita kattefrøken som sette allergien på kartet igjen!
alt=""id="BLOGGER_PHOTO_ID_5254141300537061698" />
Er ikkje dette ein nydelig liten katt, da? Det er svigerinna mi som har gitt etter for kravet frå dei andre i familien og gått med på å få ein kattunge i huset. Dei har ein stor hannkatt frå før, men det er ikkje nok...

I helga var dei i Ørsta og henta denne kattungen. Eg har alltid hatt lyst på raud katt, men mannen min er ikkje enig. Og no er det vel ikkje så smart å ha lyst på katt i det heile, når ein har opptil mange med allergi i omgangskretsen.
Det er jo ikkje mulig å halde avstand til slike yndige vesen:)

I bilen på veg heim var prinsessa nesten på gråten fordi ho også vil ha ein liten kattunge, og at augene klødde var ikkje eit tema. Men vi såg det nok, ja...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Helledussen så nydelig da. Jeg ønsker meg også en rød pus. Mistet min Oliver i våres, han var en stor rød og langhåret kattepus,men han ble bare 6 år. Desverre fikk han nyresvikt og måtte avlives.
Min datter er også allergisk for katter,men så lenge hun ikke tar seg i ansiktet så går det veldig bra. Itzak vil ønske deg en flott håndarbeids uke.

Hannes hage sa...

Å, så supernusselig og søt.
Ønsker deg en fin og kreativ uke.

Irene sa...

så søt pus!
Det er vanlig å være mye mer allergisk mot kattunger enn mot voksne katter.