torsdag 27. november 2008

Dagens utfordring

På Hobbyboden vart vi utfordra til å vise fram noko gammalt som betyr noko for oss, eller som vi ikkje klarer å kvitte oss med. Det eg umiddelbart ser, er vakkert:)
Eg har arvegods i stova. Skåla har eg arva frå mormora mi. Den er rett og slett nydelig, og gammal.
Skåla står på eit møbel som er arva frå mannen min si gamletante. Det betyr farmora hans si syster, som ikkje hadde born sjølv. Dermed vart farmora hans si familie hennar næraste familie.

I tillegg har eg liggande ein hekla duk på kvart av desse skapa. Det er farmora mi som er mester for heklinga her på garden:) Eg har nokre av dei hekla dukane, dei fleste er små, nokre er større. Og felles for alle er at det er nydelig handarbeid.

Møblementet består av spisebord med 6 stolar, ein speilbuffet og eit mindre skap. Vi måtte bygge hus med plass til det;)

6 kommentarer:

Sommerfuglen sa...

Så fine ting! Blir så glad av gamle ting med historie og sjel :)
Nesten så jeg gleder meg til å flytte på større plass og kunne ha plass til oldemors vugge og kommode.
Men det får vente en ti-års tid til.

ha en flott helg!

rigmor sa...

Flotte gamle ting du eier.God helg!

mimouna sa...

Så fine ting! Litt artig, for mamma har nesten identisk sett med møbler fra sine foreldre.

LØB sa...

Og alt sammen var det nydelig!

Annika sa...

Så fint!! Har sansen for gamle ting med historie:)

Prøvde å sende deg ein mail, men mailen kom i retur. Brukte samme adresse som alltid, så det var litt rart. Kan du sende meg ein mail, så eg svarar på den?

pepperkverna sa...

Dette brakte gode minner. En slik skål hadde min mormor og! Hege