mandag 15. desember 2008

Jula har ikkje vore nærare, i år!

Slik kan vi ha det, ein fin søndag rett før jul.

Jentene har kosa seg ute saman med ei venninne. Jaja, det er storesystra som har besøk, men minstemor syns ho eig litt, ho også. Og når vi har slike fine bakkar rett ved huset, er det jo supert å vere ute. Ikkje er det veldig kaldt heller:)

Vi bur nær skulen, så vi kan gå til leikeplassen der og kose oss av og til. Så her startar tilvenninga tidleg!

Då vi var ferdige med litt uteaktivitet, gjekk vi inn og laga horn. Desse er søte, som bollar. Og veldig gode!

Pulsvarmarar til oldemor på 95 år? Eg håpar at ho vil sette pris på dei, og kjenne at alpakka er varmt og godt rundt giktiske handledd.

I gårsdagens kalenderpakke fekk eg ei oppskrift på eit lett og lekkert skjerf. Og i dag fekk eg te, med ynskje om ein roleg kveld. Det skal eg nok prøve å få til!


I dag har vi fått kake på jobb! To kollegaer slo seg saman og bestilte kake i anledning ein 40- og ein 50-årsdag.
Vi kan trenge litt oppmuntring. Det er mykje sorg i veggane no. Kreft og branntragedier som rammar kollegaer hardt, det gjer noko med alle her.

4 kommentarer:

Hannes hage sa...

Nam, nam, de hornene ser kjempegod ut!
Og pulsvarmerne til Oldemor ble skikkelig lekre.

Anonym sa...

Så herlige utebilder, kjekt at ungene liker seg ute, og kjekt at det har blitt litt julesnø.
Sender over en klem, dere trenger det nå, tror jeg.

arieldog sa...

Skikkeleg koseleg innlegg - til å bli optimistisk av!

Maria sa...

Dette var verkeleg hyggeleg lesing! Leiking og baking og strikking og te, kan det bli betre? Det må vel isåfall vere om ein tek ein slurk Hansabrus ... Etter den testen der skal eg ikkje kjøpe Grans, i alle fall! :)