onsdag 7. januar 2009

Eg skulle egentlig ikkje kjøpe noko, men...

Eg skulle berre sjå litt på kva som fins av diverse, og så gjekk eg innom nettsida til Panduro. Det var jo egentlig ikkje så smart, kanskje? I alle fall var eg fyrst nysgjerrig på om eg kunne bestille veik til stearinlys der. Det kunne eg. Og då gjorde eg det....

I tillegg kom eg på at det hadde vore kjekt å ha både det eine og det andre, så no kan eg vente spent på pakke med både ull og perler. Så får vi sjå kva det vert til etterkvart;)

Og ikkje minst: Eg skal opprette ei boks på boda til stearinlysstumpar, det har eg jo litt av etter jula. Så slepp eg å brenne dei på trass!

2 kommentarer:

Annika sa...

Då gler eg meg til rapport etter du har laga stearinlys:) Kanskje eg blir inspirert;)

LinnMarit sa...

takk for kommentarren paa bloggen..hehe, ja det er jo bare aa sette i gang med julegave lista. det var deilig aa bare kosestrikke i desember:) skal foelge med paa stearinlysene dien