søndag 11. januar 2009

Ein god dag å vere inne på!

Det er rett og slett innever. Ikkje nokon med vitet i behald vil synest at dette veret er brukande utever! Jaja, gubben var ute og jogga, men han er litt sprø:)

Eg har meldt meg på lue-alongen 2009, det betyr at eg skal strikke ei bestemt lue kvar månad heile året. Det kan bli mange spennende små prosjekt, det!
Denne heiter enkelt og greitt the boy hat. Eg har brukt 40 gram tweedmelert Smart. Dette vart ca passe til ein gut eg er tante til. Litt for liten til vaksne, men det er berre lengda som avgjer det. Det er god passform på grunn av ribbinga, så den kan gjerne strikkast litt lenger og passe til eit større hovud.I dag fekk vi plukka ned siste rest av jul i heimen. Det er ikkje berre praktisk å ha julestjerna hengande så høgt, men det er jo litt stilig, da! Gubben må nok få seg ein teleskopstige snart, for no må vi flytte kjøkenbordet bort til vinduet, og sette gardintrappa oppå bordet. Dermed vert det ikkje gjort før vi har tenkt på det ei lita stund;)Sjekk om Pus er skeptisk! Det er Gullungen som er fotograf, eg trudde faktisk ikkje at ho ville klare å ta eit skikkeleg bilde... Det var mange bilde av beina mine, golvet og andre ting på høgde med ein to-åring. Og så eit par bilde av Pus.
Slik ser vi katten ofte. Han likar å ha oversikta, og det har han i vinduskarmen. Av og til ser eg at han fyl med på kva som skjer ute, og då er det gjerne ei kråke eller ein måse på besøk i hagen. Elles er det hans jobb å passe på alle oss andre i huset. Så han har det travelt, det ser du vel:)

6 kommentarer:

solveig sa...

Eg føler det snart er haust halve året med vind eller regn, eller begge deler. Katten nyt vel og å få vere inne.
Korleis går det med bygget nedanfor dykk?

Anlen sa...

Bygget nedanfor oss vert vel ferdig. Kanskje:) Eg syns det tek litt lang tid, men no har sjefen sjølv (OAV) sagt at det skal vere klart i slutten av januar. Vi får tru at dei klarer det.

Det var ok å vere der og vaske ned, så fekk eg sjå litt ekstra på korleis det skal verte!

Anonym sa...

Katten har funnet seg en flott plass. 2 fine luer har du strikka. Jeg skal strikke den jeg også,tenkte kjæresten min skulle få seg en.

Muffin sa...

Herlig katt, og flink fotograf! Samme været er det her i Bodø, fysj og fy.

Anonym sa...

Fin lue, lurer på om jeg skal strikke den til mannen.

Frau Putz sa...

Sikke en produktion af strik. Du har sandelig været flittig i 2008. Glæder mih til at følge med i 2009.