søndag 25. januar 2009

Eit lys i medkjensle


Eg fekk ein telefon frå barnehagestyraren i ettermiddag. Ho ville gjerne orientere om at ei av mødrene er død, så vi kan fortelle det til borna våre sjølve. I morgon kjem dei til å ha ei samling og tenne lys, og begge borna kjem til å vere der.

Eg har tent eit lys her.

Dette er ubekrivelig. Eg visste at ho hadde kreft, men har ikkje visst noko meir om korleis det gjekk. Dei to borna mine går på barnehageavdeling saman med dei to borna hennar, og dei minste er nesten akkurat like gamle. Eg klarer ikkje å forestille meg korleis dei må ha det!

1 kommentar:

Annika sa...

Off, dette var utruleg trist å lese. Tankane går til dei etterlatte. Så ubeskriveleg. Så urettferdig...