lørdag 24. januar 2009

Helg!

Vil du ha gele med vaniljesaus? Ver så god:
Den vesle spøreundersøkelsen eg har hatt gåande på sida mi, viser at dei aller fleste av gjestane mine likar gele svært godt, eller i alle fall kan tenke seg å ete det.

Eg elskar gele med vaniljesaus! 17 (58%)
Det går vel an å ete det for alle? 10 (34%)
Æsj! 0 (0%)
Eg likte det då eg var liten, men har slutta å ete det no. 3 (10%)
Det var eit pussig spørsmål 3 (10%)
Så då er det avgjort:) Gele er godt. I alle fall vaniljesausen...

I dag har Prinsessa og eg vore på tur. Pappaen er den som oftast tek ein liten tur saman med henne, men i dag ligg han på sofaen. Vi plukka med oss besteveninna frå barnehagen, og gjekk same ruta som dei gjekk med barnehagen tidlegare i veka.


Det er ein fin liten tur, med fin stigning og flott utsikt over bygda og fjorden.

Målet er ein diger stein, som oftast kalla Kvilesteinen. Eit passande namn, ikkje sant? Det er plass til mange som vil kvile der. Og i sekken er det bra å ha mat og drikke, så energinivået ikkje vert for lavt!


Jaja, jentene hadde i alle fall nok energi! Det var mykje latter, skrik og skrål, og eg kunne egentlig berre lene meg bakover, i alle fall mentalt, og nyte dei...


På turen nedatt gjekk vi ein litt annan veg enn opp, for å finne is-sklia. Det var stas, og jentene rann seg mange gongar. Dei avslutta med å rulle ned ein lang bakke, og springe opp att for å rulle ned igjen. Og igjen.

Dei trua med streik då eg ville ha med meg berre mi Prinsesse heim, og pappaen til besteveninna ville ha henne inn att. Så ivrige er dei etter å vere saman, sjøl etter snart 2 timar ute på tur.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Å, det hørtes ut som en perfekt tur! Så gøy når både små og store koser seg, unger har godt av å oppleve at det er kjekt å være ute i naturen. Den issklien var jo bare helt fantastisk! Flotte bilder!

Tove sa...

Ser ut som om dere har hatt en fin tur med flott utsikt!
Men jaggu santen ble jeg ikke sulten av å lese dette... *ler*

Anonym sa...

For en flott tur det ser ut som dere hadde. Det er så herlig å se barna når de koser seg slik som det ser ut som og hørtes ut som her.
Ha en riktig så fin søndag.