torsdag 29. januar 2009

Kan eg by på:

Vafler?

Det er jammen ikkje så ofte eg steiker vafler. Og det har vel nesten ikkje skjedd ein heilt vanleg torsdag... Men i dag er Prinsessa sjuk igjen, og matlysta er på botnen. Ho er ikkje av dei krafigaste i utgangspunktet, så då er det greitt å tilby noko godt:) Vafler med bringebærsylte er godt! Om du syns det manglar eit par hjerte, så har du vel rett i det. Men ein må rekne med litt svinn medan vaflene vert steikte!


Vi tok ein tur til legen i dag, for det er berre to veker sidan sist Prinsessa var sjuk, og ho var så tungpusta at eg følte det enten måtte vere lungebetennelse eller astma. Det var astma. Så no har vi fått inhalator. Uventa var det ikkje, for ved fleire sjukdomsepisoder tidlegare har legen meint at det kan vere astma. Denne gongen har ho ein virusinfeksjon i kroppen, og så slår den ut i astma i tillegg. Då ho fekk skikkeleg medisin på legekontoret vart ho straks mykje lettare. Så får vi sjå om det går like bra med den inhalatoren vi har fått med heim...

8 kommentarer:

solveig sa...

Det var eit samantreff. No har vi akkurat ete oss mette på vaflar. Og det er lenge sidan sist, i alle fall før jul! Det vert oftare om sommaren når ein tek med vaffeljernet ut.
Det er trasig å få astma, men flott at ho får hjelp. kan ho "vekse det av seg"?

Frau Putz sa...

Ja tak. Det ser godt ud med vafler. Minder mig om min mormor, som tit serverede friskbagte vafler med flødeskum og brombærsyltetøj (Bjørnebär på norsk, tror jeg)
Det er helt fantastisk med vafler på en kold vinterdag.
God bedring til den lille prinsesse. Emilie har også haft en del astmatisk bronchitis da hun var mindre. Hver eneste vinter, når hun blev forkølet fik hun astma - og måtte have inhalation. Nu er hun heldigvis næsten vokset fra astmaen - hun hoster ind imellem, men ikke så meget, at hun behøver inhalation. Godt at der findes medicin som kan hjælpe.
Mange hilsner herfra.
Og tak for "light"-vafler - de smagte herligt.

mimouna sa...

Vafler er godt! :o)

Håper det går bedre med veslejenta og at hun ikke blir mye plaget med astma framover. Godt at hun fikk medisin som hjalp!

Anlen sa...

Eg veit ikkje om ho kan vekse det av seg, men det er vel ikkje veldig uvanlig at det lettar etterkvart, i alle fall:) Får håpe det!!

Anita K sa...

Hei, vaflene så gode ut. Det er godt om det er noe som frister en syl liten kropp. Håper det går bedre og at medisinen hjelper. Ønsker deg uansett en god helg.

Anita K sa...

Mente selvfølgelig "syk" og ikke "syl", sånn er det når fingrene jobber litt fort :)

Ilje sa...

Å, gjerne! Det er faktisk akkurat det eg kunne ha lyst på no, men sidan vi faktisk ikkje har vaffeljarn i huset får det bli med dei freistande bileta dine i staden. Eg får hive innpå med virtuelle kaloriar! Håpar det går betre med jenta di no etter kvart. Det er iallfall greitt å få ei stadfesting på kva det er for noko.

Frk.Badegakk sa...

Nå ble jeg skikkelig fysen på vafler altså!!!! Men nå skal jeg straks lage middag, og rundstykker har jeg bakt i dag til og med! Men det er kanskje en tanke å ta med seg til i morgen? Ordentlig deilige nystekte vafler! Mmmmmmm...=D