torsdag 1. januar 2009

Lageropptelling


Jepp. Det er tid for å skrifte. Eller telle opp litt.

I år har eg for fyrste gong prøvd å halde kontroll med kva eg har laga, og kor mykje garn eg har brukt i prosessen.

Ut frå det eg har notert, ser det ut til at eg har brukt 6690 gram i år, til strikking og litt hekling. Eg har kjøpt 5600 gram. Det betyr at eg har brukt 1090 gram meir enn eg har kjøpt. Hemmelig venn gjekk nesten i balanse, med 1850 gram inn og 1800 ut. Då trur eg at summen tilsvarer at eg har 1040 gram mindre no enn for 1 år sidan. I teorien...

Dette må eg sjekke opp mot kva som ligg i korgene mine;)

OPPTELLING:

Raggegarn: 340 gram
Bomullsgarn: 80 gram
Diverse superwash: 940 gram
Diverse tovbar ull: 900 gram
Alpakka: 270 gram

Sum 2530 garn pr. 01.01.09.
For eit år sidan hadde eg litt meir, 3270 gram. Tala viser seg å ikkje stemme heilt overeins. Eg har nemlig nettopp rekna ut at eg skulle hatt 1040 gram mindre enn i fjor, men eg har berre 740 gram mindre. Det betyr at eg ikkje har vore heilt stø i tellinga, truleg har eg rota litt underveis...

Nokre er ivrige etter å ha mykje garn i skuffer og skap. Eg syns for så vidt at det er hyggeleg, men eg trur nok at butikkane har meir egna langtidslagring enn det eg kan tilby. Så for meg har det vore eit poeng å bruke av det garnet eg har, heller enn å kjøpe nytt. Og eg har vel vore ganske flink?

Garnet er stort sett lagra i skoesker, godt merka. Og i tillegg er det sortert litt i posar, slik ar same type garn kan finnast fort:)


Det er faktisk litt for lite i eskene, for eg tok bilda før eg var heilt ferdig med ryddinga...

2 kommentarer:

Annika sa...

Så flink du er som har varetelling heilt på eige initiativ! Og godt system ser eg! Her har mannen (!) i huset akkurat sett seg ned å strikke... Han stjal mitt strikk;)

jogusi sa...

Jeg har ikke tenkt å ha vareopptelling, men noterer ned det jeg har brukt. Begynte nå i jula. Ønske deg og dine et godt nytt år.