tirsdag 24. februar 2009

Siste nytt frå vaskemaskin og strikkepinnar

Her er mine fyrste sokkar strikka i Big Fabel. Det verkar som eit godt garn, eg skal lage eit par mindre også. Desse er store nok til meg, og har laaaange skaft. Dei skal få vere med på hytta om eit par dagar.
Berre sjå kor lange dei er:)

Dei siste dagane har eg strikka to par tøfler som har fått krympe seg ein smule i vaskemaskina. Begge para har blitt vaska fleire gongar, og no er eg fornøgd med tovinga. Det eine er til meg, det andre er til husbonden. Det gamle paret hans har gått i søpla, det var hol under på begge to...


Det har visst vore fastelavenssøndag også, då laga vi bollar! Jentene er ivrige, men mest ivrige til å ete deiga:) Det vart likevel ein del bollar, og hjerte! Vi kjevla ut og stakk ut hjerte av ein del, og det vart veldig søtt!


Ekstra: Etterlysningar etter oppskrift funkar sjeldan her i heimen, for eg strikkar veldig ofte diverse småplagg utan oppskrift. Men desse tøflene har eg ein gong sett oppskrifta på. Den eg brukte no, vart omtrent slik:
Pinnar 8, Fritidsgarn.
Legg opp 60 masker, strikk 20 riller. (40 omgongar)
Fell inn 10 masker i starten og slutten av pinnen. Fortsett med riller over dei midterste 40 maskene. Strikk 15 riller, fell av til tå: Strikk 2 rett, 2 sammen annakvar omgang, berre rett utan felling dei andre omgangane.
Sy saman bak på tøflene, dvs oppleggskanten, og frå fellinga og framover til tåa.
Sleng i vaskemaskina, 40 grader er ein god start.

NB! Desse tøflene vart ganske store, så eg tova dei fleire gongar før dei vart små nok til størrelse 39-40. Men det er lett å gjere dei mindre i oppskrifta også!

3 kommentarer:

strikkedilla sa...

Så ut til å være gode sokker, og tøflene var kjempefine. Hvor har du hentet oppskriften?

Ilje sa...

Det er så artig å sjå slike tøfler før dei er tova. Dei blir heldigvis litt meir menneskeegna etterpå! Kjempefine vart dei. Og så søte bollar, då! Har ikkje sett hjarteforma utgåver før. :)

Laila sa...

Dei tova tøflene var kjempestilige. Takk for at du la ut oppskrifta. Den skal eg prøve meg på.