lørdag 14. mars 2009

Åååååååååå, så irriterende!

No skulle eg hatt nokre saftige gloser å slenge rundt, men eg skal opptre sivilisert. Skal i alle fall prøve. Men når gullungen har hatt på seg alpakkavesten sin, har ho følt seg så fin! Og no har den vore ei runde i vaskemaskina.... Det var jo for så vidt meininga, men den skulle ikkje vere med saman med den vasken. Den berre sneik seg inn! Her kan du sjå korleis den såg ut for nokså nøyaktig 2 mnd sidan. Og slik ser den ut no:
Ny kjole til dokka.

Det var den utilsikta tovinga. Vi har også hatt ei lita runde med planlagt toving. Det vart tre ballar, til bruk av pus eller småjenter, alt ettersom. Ballane inneheld stort sett restar av diverse garn, og har brukt lang tid på å vekse seg store:)

Pus likte dei! Han går nok inn for å ta livet av dei ganske fort.... Vi får lage fleire etterkvart:)

Det er snart bursdag i heimen, og eg har laga to bløtkakebotnar i dag. Det er så greitt å lage botnane, fylle dei og smøre litt krem på utsida, og så putte dei i frysaren. Når det er på tide å ete dei, er det berre å ha på litt meir krem, eller marsipan, og pynte. Det funkar veldig bra! Og etter at svigerfar fekk cøliaki har eg blitt nødt til å lage litt meir kaker som er tilpassa han. Det er eigentleg ikkje noko problem, men ein må lage kakene, ikkje berre stikke innom bakaren og velge ei...

10 kommentarer:

mimouna sa...

Å, det var leit! Den fine vesten da. Så dumt når slikt skjer. Sender en liten trøsteklem.

Judit sa...

Så ergelig!
Det var kule ugleluer til jentene.
Ha en fortsatt god helg.
Klemm

Bente sa...

Så trist med gullungens alpakkavest - men tenk så glad dukken er ;-) ny kjole, jo ;-)
Lettvint bursdagsforberedelse du har med frysing av kakene. Tro hvorfor ikke jeg har kommet på den ideen med halvferdige kaker? Smart!
God helg til deg og dine!

Henrikke sa...

Har du sett. Den fine vesten.
Trøsteklem fra meg og.

Frau Putz sa...

Åh så trist med den fine vest. Min mand har også engang tovet en af mine yndlingsveste i vaskemaskinen. Den dag var han ikke så populær - men man kan jo ikke rigtigt skælde ud, når han nu ville HJÆLPE med vasketøjet :o)
Tak for kommentar om mine te-muffins. Jeg kommer sikkert til at bringe flere opskrifter fra den kogebog - i let tilrettet form, så jeg ikke overtræder copyright-loven :o)
Men... skulle du se den i boghandelen igen kan jeg da anbefale, at du køber den. Der er også en masse cookies jeg skal prøve! Mums.

Annika sa...

oi, oi, så irriterande! men sjå det positive i det - det blei ein flott kjole til dokka!

Eg tova ein gensar av Sindre sin rett før jul. Det syns mor hans var veldig kjekt, for blei perfekt til ho...

Elligo sa...

Hei.Det var trist at det gikk galt med vesten.Oppskrifta til kjolen på bloggen min er fra heftet Smart til barn nr 0807 fra Sandnesgarn.
Ha en fortsatt fin søndag :)

Heidi sa...

Så trist med den fine vesten! Flotte ugle-luer! Ønsker deg ei trivelig handarbeidsuke...

solveig sa...

Kaketips: Marengsbotnar står seg lenge innepakka i boks eller plast. Dei er glutenfrie. Sviskekake med brunt sukker er populært blant alle som likar svisker.

pepperkverna sa...

Å, så leit da! Men dukken har jo fått fin kjole da......Hege