tirsdag 31. mars 2009

Ein snømann strevar mot Nordpolen

Søndag var det snø her. Ikkje så mykje, men nok til at to jenter og ein pappa laga snømann utanfor døra. Han er på skitur, og han har hastverk, for sola er sterk i slutten av mars. Dessverre har han mista retningssansen bittelitt, han skulle nok svinga litt meir nordover.

Dagen etter står han der framleis, men stampar enno meir i motbakke... Ganske hovudlaust å gå ut i sola på den måten;)

Dette er ei bok eg vart inspirert til å kjøpe til jentene. Den er meint til høgtlesing for born rett før eller rett etter skulestart, og inneheld mange gode nynorske stykke. Noko er utdrag frå andre bøker, og det er songar og små bøker samla i ei bok. Dette skal bli mange gode stunder i sofakroken eller på sengekanten.

2 kommentarer:

ToveLisbeth sa...

kjempeartig med snømannen deres.det og høytlesning er gode minner, og veldig koselig å holde på med. Jeg gjorde mye slike ting når ungene mine var i den alderen.

Maria sa...

Så koseleg å få besøk av snømannen, sjølv om det ser ut til å bli ganske kortvarig! Kjekt med gode bøker også, eg ser meg heilt blind i bokhandelen på alle dei nye bøkene som er komne og anar ikkje kva eg skulle ha vald å kjøpe. Og nynorsk er sjølvsagt eit pluss! :)