lørdag 21. mars 2009

Musikanten feirar 18 årsdag!

I dag evakuerer vi. Huset vert fylt av kjekk ungdom, og det er like greitt å vere ute av huset:) Jentene og pappaen er alt på besøk hos svigers, og eg skal snart plukke med meg tannbørsta og dra etter dei. Måtte berre assistere litt med gratinerte pannekaker, og litt anna rusk...

No ropte akkurat Musikanten at maten var servert, så eg kan gå ut frå at livet er i vater. Håper det vert ein fin kveld, og eg skal slappe av 25 km herfrå. Herlig!

Og i morgon kjem huset til å bli fylt av familie, så skal vi feire ein gong til.

Hurra for Musikanten! 18 år og stor kar!!

3 kommentarer:

Greta sa...

Høyres kjent ut. Men for ein del år sidan. Eg er frå Sjøholt, men har ikkje bodd der siden 79. Bodde i Stordalen frå 81. 86, siden har eg bodd i Høyanger

mimouna sa...

Håper det blir en fin kveld for alle da. Rart at ungene blir så store. VI blir jo ikke eldre?

Judit sa...

Gratulere med Musikanten!! Blitt skikkelig stor gut no.